Politikken
Program for Etne Arbeiderparti 2023-2027

Hovudsaker
I Etne Arbeiderparti har me tru på å gjera kommunen vår til ein stad der me tek godt vare på innbyggjarane våre. Me ynskjer og å ta spesielt godt vare på dei som er i etableringsfasen, og kjem med gode tiltak for denne målgruppa. Me i Arbeiderpartiet vil arbeide for gratis barnehage for alle i løpet av den neste 4-års perioden. Me må vera realistiske og sjå at ein ikkje kan lova at me klarar å finna rom for dette med ein gong, og me har då som mål å halvera prisen, inkludert matpengar. Kuttet skal gjelda for alle, også dei med syskenmoderasjon.Me ynskjer og at kommunen skal stå for eit seriøst og inkluderande arbeidsliv, som gjer at fleire vil oppleva det å arbeida i kommunen som trygt og spanande. Kommunen skal ha ein aktiv lærlingpolitikk. Me ynskjer at ein skal ta inn lærlingar på alle fagområde.Det skal stillas strenge krav til kommunen som arbeidsgjevar og underleverandørar. Ved anbod skal det stillast krav om seriøsitet og dokumentasjon i heile leveransekjeda. Underleverandørar til kommunen skal bruke kvit arbeidskraft med godkjent kompetanse. Me ynskjer og å utarbeida anbodskrav som legg til rette for lokale bedrifter. Dette skal følgast opp ved kontrollar.Kommunen skal bli betre på å tilby faste og heile stillingar. Me må sjå til kommunar som har klart å nærma seg ein heiltidskultur, utan at det går utover kostnadene til kommunen. Me trur arbeidet som er gjort i Skånevik barnehage, med overdekning av tilsette for å unngå vikarbruk er noko som bør vurderast i andre einingar i kommunen.Ein god oppvekst varer heile livet
Det viktigaste me har er borna våre, og i Etne Arbeiderparti ser me at gode helsetenester, solide barnehagar og skular kombinert med eit yrande kultur og idrettstilbod, er viktig for at borna våre skal ha det bra. Gode oppvekstvilkår er og viktig for tilflytting, og ikkje minst er det viktig for at me som bur her skal trivast.
Ein av hovudsakene våre i årets val er å gjera barnehage gratis for alle. Slik kan ein sikre barnefamiliar betre økonomi og handlingsrom. Kanskje dei og vel å få fleire born.
- Me ynskjer å rusta opp Enge barnehage
- Me skal halde fram med å styrka tidleg innsats
- Me vil løfta innhaldet i SFO, og utvikla samarbeid med kultur og idrett
- Dei tilsette i SFO må få tilbod om utdanning.
- 12 timar gratis kjernetid for 1-4 klasse i SFO
- Me skal ha to barne- og ungdomsskular i kommunen
- Etne Arbeiderparti vil halda fram med å utvikla kulturkommunen i samarbeid med frivillig sektor
- Vidareutvikla biblioteket for dei yngste både i Etne og Skånevik
- Utvida kulturskulen med nye tilbod, som td. E-sport
Skape arbeidsplassar og eit seriøst arbeidsliv
Den største utfordringa for Etne vil dei neste 10-20 åra vera å oppretthalde innbyggjartalet. Skal me klare å auka det, trengs det ei satsing på nye arbeidsplassar i kommunen. Prognosane seier at me stadig blir ei eldre befolkning, og me ser at den største utfordringa vår blir å sikra nok folk i arbeidsfør alder. Derfor må Etne vera ei ja-bygd som tilrettelegg for etablering av ny næring. Me vil utvikla eksisterande og nye næringsområde.I Etne skal me også ha eit seriøst arbeidsliv, som sikrar dei tilsette gode vilkår, sikrar at lokale bedrifter kan konkurrera på like vilkår og leggje til rette for at folk som fell utanfor arbeidslivet får ein veg tilbake.- Me ynskjer at det skal stillast strenge krav til kommunen som arbeidsgjevar og underleverandørar. Ved anbod skal det stillast seriøsitetskrav til heile leveransekjeda. Det skal og vera krav om å ta imot lærlingar. Dette skal ettergås ved kontroll
- Etne Arbeiderparti ynskjer at kommunen skal bli endå betre på å tilby heile og faste stillingar
- Me vil arbeida for å betra forutsetningane til det lokale landbruket.
- Det skal ikkje byggjast ned meir dyrka mark. Om ein ikkje finn alternativ, skal ein sikra gjenbruk av jordbruksjord.
- Etne Arbeiderparti vil arbeide for gode rammevilkår for det private næringslivet i kommunen
- Etne Arbeiderparti vil arbeid for optimal utnytting av næringsområdet på Tongane.
- Me ynskjer å satsa meir på reiseliv, og utnytta ein større del av kommunen som reisemål
- Etne kommune skal ha ein aktiv lærlingpolitikk, og ein skal arbeide for lærlingar innan fleire fag enn i dag.
- Tilsette i kommunen skal ha moglegheit til etterutdanning og fagbrev på jobb
- Kommunale einingar skal aktivt leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Ein skal tilby arbeidstrening i kommunale einingar, i tillegg til Øyane ASVO
- Tilbodet ved Øyane ASVO skal vidareførast med same kvaliteten som i dag
Levande bygder
I Etne kommune har me to bygder med sentrum. I tillegg har me ein del mindre bygder der folk har tilknyting. For at folk skal trivast og ynskja å busetja seg, er det utruleg viktig at bygdene er levande, med både arbeidsplasser og aktivitetar. Ein må sikra gode transportmoglegheiter mellom bygdene.Kultur og idrettstilbodet er allereie bra i bygdene våre, men me meiner fortsatt at kommunen kan bidra til ei utvikling, og sikra auka aktivitet i lag og foreiningar. Me i Etne er verdsmeistrar i dugnad, og me ser kor viktig frivilligheita er for kommunen vår. Me ynskjer å spela på lag med frivilligheita slik at dei kan bruka mest mogleg av tida si på å skapa aktivitet.Arbeiderpartiet ynskjer at innbyggjarane og tilflytterar skal ha gode moglegheiter til å skaffa seg ein heim. Me vil sikra at folk kan byggja, både sentrumsnært og ute i bygdene. Det er viktig at kostnadene blir haldne på eit fornuftig nivå for tomter.- Etne Arbeiderparti vil realisera kunstgrasbane i Skånevik og friidrettsarena i Etne
- Me ynskjer å støtta opp om formidlingsprosjekt som løftar fram den rike lokalhistoria
- Kommunen skal tilby Leige til Eige, slik at personar i etableringsfase kan oppnå draumen om eigen bustad
- Me skal føra ein offensiv flyktningpolitikk, og kommunen skal ta i mot flyktningar som treng vår hjelp
- Etne Arbeiderparti vil arbeide for ei lokal taxinæring. Me vil påverka anboda til å vektleggja miljø og lokal tilhøyra, slik at ein ikkje opplever å venta fleire timar på drosje frå Haugesund
- Etne Arbeiderparti skal sikra snøggbåten og arbeida for eit betre buss- til båt tilbod, eventuelt Serviceskyss
- Me vil arbeide for oppgradering av den kommunale kaien ved Etnesjøen
- Ein må sikra snarleg oppstart for E134 Seljestad-Røldal, og E134 Bakka-Solheim må inn som prioritet i NTP
- Me skal arbeida for veg Sauda-Etne. Me trur potensiale er stort for positive ringverknader
- Me vil arbeida for at fylket startar vidare planlegging av FV 548, Flesjå-Håland
Klima og Natur – ramma rundt all politikk
Etne kommune har ein rik natur, og me er rike på naturresursar. Me ynskjer å ta vare på naturen vår, og at ei eventuell utnytting av resursane blir utført på ein skånsam måte. Arbeiderpartiet meiner at me som ofrar vår natur til fellesskapets beste skal sitja igjen med ein større kompensasjon enn i dag.Vår tids største utfordring er klimaendringar og dei problema det medfører. Det er ikkje stort me i Etne får gjort med dei globale problema, men me må alle birdra. Me ynskjer at Etne kommune skal bli ein føregangskommune i energieffektivisering og sirkulærøkonomi.- Me ynskjer ein klimaplan for kommunen som heilskap
- Det skal utarbeidast eit klimabudsjett og eit klimarekneskap for kommunen
- Me vil stimulera til energioptimalisering av kommunale og private bygg
- Etne Arbeiderparti ynskjer å styrka sirkulærøkonomien ved å leggja til rette for utlån og gjenbruk
- Me skal arbeida for å utbetra vegane i kommunen for syklande og gåande, og me ynskjer gatelys på fleire kommunale vegar
- Me vil prioritera å fullføra sykkel og gangsti til Planteskulevegen
- Etne Arbeiderparti vil arbeida for å betra levekåra for villaksen og sørge for at Etne kommune framleis skal ha nytta av ringverknadane Etneelva gjev
- Me ynskjer at kommunen tek initiativ til eit prosjekt saman med landbruket for å redusere miljøpåverknaden
God helse og livskvalitet for alle
Det viktigaste for Arbeiderpartiet er å gi innbyggjarane våre høve til å leva gode og sjølvstendige liv. Mykje kan gjerast ved å vidareutvikla inkluderande møteplassar og sunne aktivitetar. Det er viktig å halde fram med førebyggjande arbeid for å gi så mange som råd ei god fysisk og psykisk helse. Men når helsa sviktar skal tenestetilbodet vera trygt, tilpassa den einskilde og av høg kvalitet.- Etne Arbeiderparti vil styrka psykisk helse for store og små i kommunen
- Me vil støtta opp om utvikling av familieteamet
- Me vil styrka SLT og politikontakt, og ynskjer at fagetatar i kommunen arbeidar grundig med førebygging
- Etne Arbeiderparti meiner at rus ofte heng saman med psykiske lidingar, og me ynskjer å gi et godt og verdig tilbod innan rus og psykiatri.
- Etne Arbeiderparti vil sikra at kommunen etablerer ein god plan for videre utvikling av eldreomsorga
- Me vil sikra at alle offentlege bygg har teleslynge
- Me ynskjer å leggja til rette for utbygging av sentrumsnære livsløpsbustadar, som kan gi fleire moglegheit til å bu i eigen bustad lenger.
- Kommunen skal utnytta alle ordningane i Husbanken til det fulle